Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Nielsson Friis

(1675–1745) Presteson frå Vanylven, busett på Nordfjordeid og i Rugsund. Handelsmann og jordeigar.

Han hadde drive øltapperi på Nordfjordeid frå 1703 før han kjøpte handelsstaden Rugsund i 1728. Gjennom mora arva han store eigedomar på Myklebust og Alsaker i Eid. Han vart ættefar til den rike Friis-ætta, som også kom til å rå over handelssetet i Rugsund i 160 år, og dessutan eigde store jordeigedomar på Kvalheim, Almenning, Fagerlid, Totland, Hjelmeland, Sande på Sunnmøre, Skorpa, Ytre -Hauge, Marøyna og Sandvik i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2008