Hopp til innhold
X
Innhald

Thorbjørn Øvrebotten

Thorbjørn Øvrebotten heime i hagen fredsvåren 1945. Han var då 59 år og hadde anlagt fippskjegg under krigen, for å ikkje vere så lett å kjenne att. (Foto utlånt av familien)

Thorbjørn Øvrebotten heime i hagen fredsvåren 1945. Han var då 59 år og hadde anlagt fippskjegg under krigen, for å ikkje vere så lett å kjenne att. (Foto utlånt av familien)

Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967) frå Botnane. Gardbrukar og motstandsmann under andre verdskrig. Saman med kona Magna (1900-1992) og sonen Arne Øvrebotten var han sentral kontaktmann for Shetlands-farar og sabotørar under andre verdskrig. I samarbeid med Martin Domben på øya Domben husa dei m.a. Ragnar Ulstein og dei andre leiarane som bygde opp Milorg-gruppene Siskin i Sogn og Snowflake i Fjordane vinteren 1944/1945.

Skjulestad i fjellhole

Øvrebotten huste mange av rømlingane og motstandsfolka i ei fjellhole i Nøredalen, utmarka til garden.

Arne Øvrebotten, son til Thorbjørn Øvrebotten, ved hola der motstandsfolka vart gøymde i Botnane. På det meste var det 5-6 personar i hola. Inngangen vart skjult med ei bjørk. (Foto utlånt av familien)

Inngangen skjulte dei med ei furu, som dei sette ned i jorda som ein annan gardstaur når dei gjekk inn og ut av hytta. Furua gjorde det uråd å sjå inngangen, og for å gå endå meir i eitt med naturen var det ei maurtue på taket.

Hytta vart bygt før jul i 1944, etter at det vart for mange å gøyme i husa på garden. Dei fyrste som tok hytta i bruk var Linge-karane Harald Svindset og Per Ratvik. Kona Magna og dottera Oddbjørg sytte for mat og fekk den frakta til hola der det var 5-6 menn på det meste.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 06.04.2009