Tidleg fiskehandel på Liset
I ein lun våg på sørsida av Frøya ligg gardane Liset. Den korte vegen til rike fiskefelt gjorde at folket på Liset alt i mellomalderen var kjende som velståande fiskarbønder.
I 1520 vert Sjur på Liset omtala som ein av dei rikaste i Bremanger. Han hadde ein sølformue som tilsvara verdien av 60 kyr. I 1563 kan ein lese at Oluff på Lidsetter (Liset) eigde skip og dreiv frakt av tørrfisk til Bergen.
I 1848 vart eigedomsretten til beite og kastevågar på nokre mindre øyar utanfor Liset delte på gardsbruka på Liset. Avtalen vart berre gjort munnleg, og då det vart gjort eit stort sildekast ved Litle-Kobbeskjeret i 1904 vart det strid om retten til å krevje inn den store landsluten. Saka gjekk heilt til Høgsterett utan at dei som kravde å få dele landsluten vann fram.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 23.04.2010