Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg ute med silo

Garden Eikeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Garden Eikeland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vest for Svelgen ligg garden Eikeland som var eit mønsterbruk for si tid.

Bustadhuset på garden er frå 1889 og vart bygd av ekteparet Olai Eikeland (1857–1946) og Anna Eikeland (1859–1933). Olai reiste til Amerika i 1882, men kom heim etter kort tid. Av dei sju borna til Olai og Anna døydde fem, fire av dei av tuberkulose.

På Eikeland braut Olai og Anna mykje jord, og alt i 1900 bygde dei ein av dei første siloane her i Noreg på bruket sitt. Idéen til siloen hadde Olai fått under opphaldet i Amerika.

Olai og Anna fekk Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin for jordbruket.

– Les elles om Fredrik Mikal Hjelmeland (sjå denne under Kjende personar i Gaular fødde år 1850-1900) i Gaular som også var tidleg ute med silo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010