Hopp til innhold
X
Innhald

Totland Mek. Verksted

Den første bygningen til Totland Mek. Verksted. Foto: Ove Totland. © Fylkesarkivet.

Den første bygningen til Totland Mek. Verksted. Foto: Ove Totland. © Fylkesarkivet.

Annonse for gjødselspreiaren som Totland produserte.

Annonse for gjødselspreiaren som Totland produserte.

Ingvald Totland. Ukjend fotograf. Eigar: Ove Totland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ingvald Totland. Ukjend fotograf. Eigar: Ove Totland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Totland Mek. Verksted vart grunnlagt i Kalvåg kring 1910 av skipsmekanikar Ingvald Totland frå Bryggja.
Han hadde gått i lære hjå Rasmus Sæternes i Måløy, og dreiv slipp og skipsreparasjonar.

Sonen Ove Totland tok over som leiar i 1956, og verksemda endra namn til Ing. Totland Mek. Verksted. Ove Totland la om til rein industriproduksjon, og verksemda fekk store oppdrag m.a. frå Bremanger Smelteverk og Ankerløkken Verft i Florø.

Frå 1970-talet har verksemda drive produksjon av sjølvløftande dørstokkar, landbruksutstyr m.m. etter eigne patentar. Verkstaden har på det meste gjeve arbeid til 13 personar. Ove Totland la ned verksemda i 2005 og selde industribygget på 1200 kvadratmeter.

Retten til å produsere dei patenterte sjølvløftande dørstokkane vart ført over til Florø-verksemda Vestnes Produkt AS (sjå denne under A/S Ekvator).

Eitt av produkta frå Totland, ein grasfordelar. Foto: Ove Totland. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eitt av produkta frå Totland, ein grasfordelar. Foto: Ove Totland. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2010