Hopp til innhold
X
Innhald

Trangt under taket i Ålfot-kyrkja

Ålfoten kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ålfoten kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ålfoten kyrkje er bygd kring 1610 og er den eldste trekyrkja i Nordfjord. (Gimmestad kyrkje i Gloppen er frå 1692 og Olden gamle kyrkje frå 1759).

Altartavla er frå ca. 1610, men vart overmåla i 1767. Tavla er gjeven av Thomas Georg Krog som vart den første soknepresten i Davik prestegjeld etter at dette vart utskilt frå Eid prestegjeld i 1740. - Les meir om dette under Davik kyrkje og Rugsund kyrkje.

Måtte sage hol i taket

Men sokneprest Krog må ha kjøpt altartavla til Ålfoten inne i by’n utan å ta mål av takhøgda i det vesle gudshuset. Heime i Ålfoten fekk han problem: For å få plass til all stasen, måtte ein sage ut eit hol i taket over altaret der øvste delen av den flotte tavla er tredd opp gjennom!

Reisealtar

Preikestolen i Ålfotkyrkja er frå ca. 1678, døypefont og dåpsfat frå 1683. Kyrkjeklokka og eit spesielt reisealtar i marmor frå mellomalderen på 30x30 cm er teke vare. Slike reisealtar tok presten med seg når han reiste ut i soknebod til døyande og sjuke menneske.

Stavkyrkje sidan 1200-talet

I Ålfoten har det stått ei stavkyrkje truleg sidan 1200-talet, først omtala i 1348. Ei tresøyle som vart funnen på kyrkjegarden på 1890-talet, tyder på at denne stavkyrkja låg nett det Ålfot-kyrkja ligg i dag.

Ålfoten kyrkje. Foto: Rune Ripe

Ålfoten kyrkje. Foto: Rune Ripe

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.10.2011