Hopp til innhold
X
Innhald

Tyske festningar

Den tyske festninga på Rugsundøy. Her blir kanonar monterte sommaren 1942. Eigar av foto: Kystartilleriet, frå boka

Den tyske festninga på Rugsundøy. Her blir kanonar monterte sommaren 1942. Eigar av foto: Kystartilleriet, frå boka

Skipsleia i Frøysjøen og nordover mot Nordfjord hadde stor strategisk betydning.

Som ein lekk i invasjonsforsvaret «Festung Norwegen» bygde tyskarane under 2. verdskrig store festningsverk med langtrekkande kanonar på Ospeneset i 1942 og Gotraneset ved Berle i 1943 for dekning av Frøysjøen.

Bygdefolket vart tvangsflytta

Fortet på Ospeneset hadde tre 10,5 cm kanonar. På Gottraneset var det fire 10,5 cm kanonar. Dette fortet vart dessutan sikra med 2778 landminer og med eit stort fjellanlegg. Både kring Gottraneset på Skarstein og Ospeneset vart bygdefolket tvangsflytta bort frå gardsbruka sine.

Ein av kanonane på Tangane på Rugsundøy.

Ein av kanonane på Tangane på Rugsundøy.

I kamp under Måløy-raidet

Fortet som tyskarane bygde på Tangane på Rugsundøy for dekning av innlaupet til Nordfjord var stridsklart i mai 1941, og kom i kamp med den britiske kryssaren «Kenya» under Måløyraidet 3. juledag 1941. Fortet på Tangane fekk til saman fem kanonar som var tekne som krigsbyte frå russarane. Tre av dei var 13 cm kanonar. Kring fortet låg det 664 landminer.

På fjellet Lisetflona ved Kalvåg bygde tyskarane ein vaktpost mot havet, og hadde radiosendar på Veten for å kunne sende meldingar til Luftwaffe. Kring det strategisk viktige smelteverket og kraftstasjonen i Svelgen la tyskarane 30 miner og sette opp to 75 mm kanonar på Sande.

Vaktstasjonen som tyskarane bygde på Lisetflona. Foto: Emil Liset. Eigar: Ove Totland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vaktstasjonen som tyskarane bygde på Lisetflona. Foto: Emil Liset. Eigar: Ove Totland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010