Hopp til innhold
X
Innhald

Undersjøisk hol mellom Ålfoten og Bortne?

På Vindspollen og Bortnepollen ved Frøysjøen kunne det i eldre tider vere uvanleg godt silde- og torskefiske om vintrane.

Det vert sagt at torsken gjekk så tett inne på pollane at ein ikkje fekk pilken til botnar.

Men også i Førspollen i Ålfoten på austsida av fjella var det godt torskefiske om vintrane - og det underlege var at fisket på Førspollen og i Bortnepollen fall saman i tid. Dette gav opphavet til ei tru på at torsken som seig inn på Bortnepollen kom seg vidare gjennom ein undersjøisk tunnel og symde utatt inne i Førspollen. Segna fortel også om at vottar som fiskarane tapte ute i Bortnepollen, dukka oppatt på fjorden inne i Ålfoten!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009