Hopp til innhold
X
Innhald

Valdemar Gjertson Bakke

Valdemar Gjertson Bakke (1849-1934) frå Rugsund. Gardbrukar, fiskebåtreiar og politikar. Han eigde fleire notbruk, og var ei tid reiar for eigen fiskedampbåt.

På Bakke bygde han og sonen Albert V. Bakke ei stor saltebu som vart kalla Gulebuda (sjå næring: Gulebuda på Bakke.) I Kalvåg dreiv han krabbemottak. Han var direktør i Davik Sparebank og medskipar av Fjordane Kreditbank. Medlem av Davik kommunestyre 1892-1913, og ordførar 1892-1895.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011