Hopp til innhold
X
Innhald

Vegen Smørhamn-Bremanger-Måløy

Ferja på veg frå Oldeide mot Måløy, som vi skimtar bak Husevågøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferja på veg frå Oldeide mot Måløy, som vi skimtar bak Husevågøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegsambandet frå Dalsbotten på Bremanger-sida og gjennom den 155 meter lange tunnelen under Oldeidskaret og til Oldeide vart opna i 1948. Arbeidet hadde starta i 1935. Lokalkjende fortel at den første tida trafikkerte m.a. Karl Lofnes frå Måløy med lokale skyssbåtar strekninga Oldeide-Måløy. Seinare kom rutebåten ”Halnes” som kunne ta ombord bilar på tvers av dekk. ”Halnes” vart også nytta i ein kort periode i ferjetrafikken over Måløysundet mellom Deknepollen og Måløy. Fast ferjetrafikk Oldeide-Måløy skal ha starta i 1951.

Arbeidet på vegen sørover frå Ryland i Bremanger mot Smørhamn (Clupeahamn) starta i 1939, men vegen vart ikkje opna før i 1956. Dermed var det samanhengande riksveg heilt frå ferjeleiet på Oldeide nord på Bremangerøya og sør til Smørhamn på sørspissen.

Frå Smørhamn vart det sett inn båtrute til Florø frå 1956, og mellom Oldeide og Smørhamn gjekk Rutebilane i Bremanger (sjå desse under Industri og Næring) i fast rute. Det vart sett inn ferje på sambandet Smørhamn-Florø i 1974. I 1977 vart dette sambandet utvida med anløp av Kjelkenes slik at det vart eit trekantsamband. Florø vart sløyfa i 1987, slik at ferja berre gjekk mellom Smørhamn og Kjelkenes. Ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes vart lagt ned i 2013 då Bremangersambandet vart fullført.

Ferja Vegkrysset der vegen frå Smørhamn møter vegen frå Kalvåg nordover mot Oldeide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferja Vegkrysset der vegen frå Smørhamn møter vegen frå Kalvåg nordover mot Oldeide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2013