Verdas største sildefangst i Svelgen?

Den eine av dei to båtane som tok rekordfangsten i Svelgen i 1948 - Antonet.
Det som truleg er verdas største sildefangst vart gjort av to båtar frå Nord-Noreg - "Sollys" og "Antonet" - under vintersildefisket i 1948: Dei oppdaga at ein enorm sildestim hadde samla seg heilt inne i hamna i Svelgen. Båtane stengde av heile inste fjordarmen frå Sandsneset til Riseøyra.
Fangsten vart rekna til eit par hundre tusen hektoliter sild. Dei neste vekene vart 78.000 hektoliter av fangsten berga, og dei heldige fiskarane kunne betale både båt og bruk – og attpå vart dei «søkkrike».
Frå eldre tider er det kjent at eit notlag frå Lofnes i 1886 gjorde eit notsteng i Leirgulen som talde 6000 tønner sild.
Sjå elles: Rekordfangsten av sild ved Askrova (1936)
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 29.04.2011