Hopp til innhold
X
Innhald

Vikinggrav på Indrehus

Indrehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indrehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Indrehus i Midtgulen er det funne fire gravrøyser frå yngre jernalder ca. 400–1000 e. Kr.f.

Tre av dei vart jamna med jorda under nydyrking, men i den siste kunne ein datere funna til vikingtida – d.v.s. siste del av yngre jernalder. Utanom stridsutstyr vart det i ei av gravene funne mosaikkperler, båtnaglar og nokre beinfragment.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2010