Hopp til innhold
X
Innhald

Vikinghovdingane frå Berle

Berlepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Berlepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På vestsida av Berlepollen like sør for det mektige fjellet Hornelen ligg garden Berle. Her budde det på 800-talet ein mektig hovding som vart kalla Berle-Kåre.

Han er omtala i Egilssoga som ein modig viking og berserk som drog på røvartokter til framande land. Heime hadde Berle-Kåre notlag, og Frøysjøen var på denne tida rik på både sel og kval.

Sønene til Berle-Kåre heitte Olve Nuva og Øyvind Lambe. Begge stod fremst i stamnen på Harald Hårfagre (ca. 865-932) sine skip i det avgjerande slaget om Noregs-samlinga i Hafsrfjord i 885. Etter slaget gjekk begge brørne i kongens teneste: Ola som skald og Øyvind som hirdmann. Dotter til Berle-Kåre heitte Solbjørg. Ho gifta seg med Ulv Bjarveson som seinare fekk tilnamnet Kveldulv. Berle-Kåre og svigersonen Kveldulv kom godt ut av det med kvarandre og var saman både i strid og på fiske, vert det fortalt.

Sonen til Solbjørg og Kveldulv heitte Torolv. Han kom på kant med kongen og vart drepen. Faren Kveldulv hemna drapet på sonen med å drepe kring 50 av kongens menn, men måtte etter dette rømme til Island for ikkje å verte drepen sjølv. Der vart han stamfar til Borgarfjords-ætta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010