Vikingrøyser i Vetvik

Vetvik. Foto: Gunnar Skjølberg.
Tre gravrøyser frå vikingtida 800–1050 e.Kr.f. i Vetvik viser at det i norrøn tid budde folk i den einbølte bygda på vestsida av Bremangerlandet.
Røysene er opp til åtte meter i tverrmål. I bygda står det også på Tannahogjen ein to meter høg bautastein. Truleg var dette eit fallossymbol, for fram til 1850 var den avslegne toppen forma som eit hovud.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 04.05.2010