Hopp til innhold
X
Innhald

Vingen helleristingsfelt

Vingenfeltet med Hornelen i bakgrunnen. Foto: Gunnar Skjølberg.

Vingenfeltet med Hornelen i bakgrunnen. Foto: Gunnar Skjølberg.

Inne mot Vingepollen ved Frøysjøen, sør for Hornelen, ligg eitt av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa. Feltet Vingenfeltet inneheld minst 2000 ulike ristingar og fram til 2012 vart det rekna med at dei skriv seg frå ca. 4000-2000 år f. Kr. Nye funn tyder på at dei er endå eldre, frå 5000-4000 år før Kristus.

Svært mange ristingar skildrar hjortedyr, og har truleg samanheng med at Vingen har vore ein viktig stad for veiding og fangst. Truleg har steinalderfolket drive hjortedyra utfor dei bratte stupa kring Vingepollen – ei jaktform som skal ha vorte nytta i bygda heilt fram på 1800-talet.

Vingenfeltet freda og stengt for ålmenta

På grunn av slitasje og fare for hærverk er det sett strenge restriksjonar på ferdsle i feltet. I 2002 vart Vingenfeltet og landskapet ikring freda av Riksantikvaren, og det vart sett forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Det er Bergen Museum som i dag eig og forvaltar det store helleristingsfeltet.

Fjellklatrar «oppdaga» feltet

Fjellklatrar «oppdaga» feltet

Helleristingsfeltet vart i 1910 oppdaga av den kjende Bergens-advokaten og fjellklatraren Kristian Bing. Bing var komen til Bremanger for å klatre i Hornelen og fjella kring Ålfotbréen .

– Les meir om fjellpionéren Kristian Bing i artiklane Kjende fjellklatrarar kring Ålfotbreen og om Jostedalsbreen.

Men Kristian Bing hadde også eit anna ærend i bygda: Dette var i « fossespekulanttida», og i 1913 kjøpte Bing garden Vingen for 3000 kroner. Dermed fekk han hand om store fossefall som kunne høve for kraftutbygging. I 1917 selde Bing fallrettane vidare til skipsreiar H. Kunhle for 50.000 kroner – ei pen forteneste på tre år! Seinare kom fallrettane i Vingen i hendene på Bremanger Smelteverk.

Kristian Bing skøytte teigen Dyreberget der helleristingane ligg, over til Bergen Muséum i 1923 for 1000 kroner.

På dette biletet teke frå toppen av Hornelen ser vi Vingenfeltet som ein grøn flekk til venstre for midten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet teke frå toppen av Hornelen ser vi Vingenfeltet som ein grøn flekk til venstre for midten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

2000 ristingar og steinaldertun i Vingen

Av ristingar som er registrerte til no, er kring 1500 funne i sjølve Vingen, medan dei øvrige 500 er funne i Vingelven, Hennøy og i Fura. Ein stor stein var lenge dekt med jord på toppen og brukt som kålåker. Difor fekk den namnet Kålrabisteinen. Då dei dekte av steinen, fann dei ei mengd helleristingar på den – saman med djupe hakk etter spadar som vart nytta ved seinare kålrotdyrking.

På Vingeneset har ein funne tufta etter ein bustad frå steinalderen. Tufta er nesten åtte meter lang og vel seks meter brei. Også i sjølve Vingen har ein funne ei bustadtuft frå kring 3700 f.Kr.f.

To av mange hjortefigurar i Vingen. Foto: Gunnar Skjølberg.

To av mange hjortefigurar i Vingen. Foto: Gunnar Skjølberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2012