Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Eids Elektro-Mekaniske Verksted

A/S Eids Elektro-Mekaniske Verksted vart starta av svensken Lundberg ca. 1915. Lundberg kom til Eid for å montere det første kraftverket i Kviefossen i Eidselva i 1915, og starta deretter ein liten fabrikk for produksjon av elektriske varmeomnar og steikeomnar.

Fabrikken gjekk konkurs og vart avvikla i nedgangstidene på 1920-talet. Elles i fylket var det på same tid små fabrikkar for elektriske artiklar både i Måløy, Sandane og Dale i Sunnfjord - sjå Vågsøy, Gloppen og Fjaler kommunar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.02.2010