Hopp til innhold
X
Innhald

Azar Karadas

Azar Karadas (t.h.) i Brann-drakt, i duell med Steffen Iversen på Rosenborg. Foto: Gorm Kallestad, Scanpix.

Azar Karadas (t.h.) i Brann-drakt, i duell med Steffen Iversen på Rosenborg. Foto: Gorm Kallestad, Scanpix.

Azar Karadas fødd 1981 på Nordfjordeid, busett i Trondheim. Fotballspelar i m.a. eliteklubbane Brann og Rosenborg og på A-landslaget.
Har også spela fleire kampar for ungdomslandslaget U-21. Starta fotballkarrieren i Eid Idrettslag.

Seriemeister og cupmeister

For Rosenborg har Karadaz m.a. spela fleire meisterligakampar, og var med på å vinne den norske eliteserien i 2002 og 2003, og Noregsmeisterskapen (cupen) i 2003.

Proff i utlandet

Karadaz gjekk over til den portugisiske klubben Benfica, Lisboa, hausten 2003. Han vart utlånt til engelske Portsmouth i sesongen 2006 og spela for tyske Kaiserslautern i 2007. Seinare same året gjekk han igjen til Brann, der han m.a. var med på å sikre bergenslaget seriemeistertittelen i 2007. I 2009 gjekk han til den tyrkiske klubben Kasimpasa. I mai 2012 skåra han det avgjerande målet då klubben sikra seg opprykk til den tyrkiske toppserien.

Heim til Sogn og Fjordane

I august 2012 vende han heim til Noreg og signerte for Sogndal Fotball. I juli 2014 signerte han for tredje gong i karrieren med Sportsklubben Brann.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.06.2015