Hopp til innhold

Edvard Os

Edvard Samuel Os, offiser og norskdomsmann. Han var den mest militante organisatoren i norskdomsrørsla og blei sjølv kontant avsett.

Os var fødd på Nordfjordeid 20. april 1885 og døydde 9. januar 1970. Etter eksamen frå Krigsskulen i 1907 og vidare militær utdanning blei han offiser i Forsvaret. Han var sjef for Varanger bataljon 1933–40 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–40.
 
I norskdomsrørsla var han i mellomkrigstida den fremste av alle organisasjonsfolk. Som dagleg leiar i både Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag 1913–27 gjorde han desse samskipnadene til moderne organisasjonar. Etter ein langvarig konflikt om organisasjonsmetodar blei han avsett frå stillinga si i 1927. Seinare var Os driftsstyrar i Noregs Boklag 1927–32 og konsulent for målbruk i Forsvaret og i statsforvaltninga.
 
Han redigerte mange lagsblad, skreiv handbøker i lagsarbeid og amatørteater, seinare også ordbøker og bygdebøker.
 
Os var æresmedlem i Studentmållaget i Oslo frå 1950.
 
Kjelder
Olaf Almenningen o.fl.: Målreising i 75 år. Oslo 1981
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013