Hopp til innhold
X
Innhald

Eid Verft

Eid Verft på Løkjaneset var i si tid den største industriarbeidsplassen i Eid kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Verft på Løkjaneset var i si tid den største industriarbeidsplassen i Eid kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Verft vart grunnlagt 1971 av Reidar Klungsøyr, som dreiv Smedvik Verksted i Tjørvåg på Sunnmøre.

Utrustingsanlegget stod ferdig i 1975. Eid Verft vart raskt den største industriarbeidsplassen i Eid kommune, og vart drive av Smedvik-gruppen fram til 1980. I Smedvik-tida vart det bygd i alt 14 skip ved verftet, og sju av desse vart leverte fullt utrusta frå Eid Verft.

Konkurs og nye eigarar

Sidan krisa i 1980 då Smedvik-gruppen gjekk konkurs har verftet på Løkjaneset gått gjennom fleire konkursar og eigarskifte. Nokre tilsette gjorde m.a. ein mislukka freistnad på å drive verftet med eit eige aksjeselskap.

Verftet på Løkjaneset sett frå Rød. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verftet på Løkjaneset sett frå Rød. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verftet vart i 2000 kjøpt av Havyard-gruppa på Sunnmøre, som også eig Havyard Leirvik (sjå Løland Verft).

Lefdal overtok

I 2005 kjøpte John Olav Lefdal saman med ei gruppe frå Raudeberg i Vågsøy skipsverftet på Løkja og skipa Nor Marine Stål AS. Anlegget vart kjøpt for seks millionar kroner og er bygd om for å kunne levere ulike stålprodukt til m.a. skipsindustrien.

Lefdal eigde 50 prosent av aksjane i det nye selskapet. Eigarane frå Raudeberg er knytte til skipsverftet Blaalid AS (sjå dette under Fabrikkar og verkstader i Vågsøy): Asbjørn Horn, Per Jørgen Silden og Terje Hveberg. Seinare vart Lefdal eineeigar av selskapet.

På verftsområdet vart og Nor Marine Bryggen AS etablert. Dette selskapet produserer flytebrygger. I 2012 vart fem av dei 40 måla leigde ut til Nordfjord Betong, som flytta frå Øyane og bygde nytt produksjonsanlegg på Løkjaneset.

- Sjå også Nor Marine Industrier AS , skipa 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.10.2012