Hopp til innhold
X
Innhald

Eksersisplassen på Nordfjordeid

Eksersisplassen på Osnes rundt 1900. Av teksten på biletet ser vi at husa til høgre høyrer til sjefsgarden, medan skytebana var plassert oppe i Myklebuståsen.

Eksersisplassen på Osnes rundt 1900. Av teksten på biletet ser vi at husa til høgre høyrer til sjefsgarden, medan skytebana var plassert oppe i Myklebuståsen.

Eksersisplassen på Nordfjordeid har eksistert sidan 1628, og såleis den eldste i landet. 1685 vart militære avdelingar frå Nordfiordske Compagnie mønstra i Vanylven like nord for Stad for kong Christian V som var på gjennomreise.

Frå 1718 var Nordfjordeid bataljonssamlingsplass for Nordre Bergenhusiske Regiment. I 1733 mønstra militære avdelingar for kong Christian VI på Nordfjordeid. Kongen var denne gongen forseinka på reisa langs kysten, og avdelingane måtte gå på Nordfjordeid og vente i tre veker før kongeskipet dukka opp ute i fjorden!

Stramme karar i uniform oppstilte på Nordfjordeid tidleg på 1900-talet. I mange år var Nordfjordeid sterkt prega av at det var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 - IR10. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Stramme karar i uniform oppstilte på Nordfjordeid tidleg på 1900-talet. I mange år var Nordfjordeid sterkt prega av at det var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 - IR10. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Lagerhusa som no utgjer «Hærmuséet» på Plassen vart bygde i åra 1791-1793.

Garden Osnes var eksersisplass

Garden Osnes, som ligg på Nordsida av Eidselva frå elvemunningen og austover, vart kjøpt som sjefsgard i 1792. Seinare vart mesteparten av sjefsgarden Osnes lagt ut til eksersisplass, og har sidan på folkemunne vorte kalla «Plassen».

Hærmuseet på Plassen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hærmuseet på Plassen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tente på dei militære

I stordomstida for militærvesenet på Nordfjordeid grodde det opp handel- og handverksbedrifter som levde av arbeid for det militære. Kvinnene tente pengar på vask av soldattøyet på den gamle vaskeplassen i Malakov, og på å ha soldatar i kost og losji heime.

Mange kvinner hadde ekstrainntekter på å vaske kle for soldatane. Vasken gjekk føre seg i Jektehola.

Mange kvinner hadde ekstrainntekter på å vaske kle for soldatane. Vasken gjekk føre seg i Jektehola.

Hovudsete for IR 10

Eksersisplassen på Nordfjordeid var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 (IR 10) fram til 1930, då Nordfjord Bataljon vart lagt under Bømoen på Voss.

Flaggheising på Firda Kaserne.

Flaggheising på Firda Kaserne.

Skogrekruttskule på Nordfjordeid

Skogrekruttskule på Nordfjordeid

I 1935 skipa Forsvaret til såkalla skogrekruttskule på Nordfjordeid.

Stor tysk brakkeby

Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen, Nordfjordeid var kommandoplass under Måløy-raidet 3. juledag 1941. Tyskarane hadde også underoffiserskule på Nordfjordeid.

Eksersisplassen avvikla

Etter krigen vart Plassen og dei militære anlegga mykje brukt m.a. av Heimevernet og ved repetisjonsøvingar. På 1970-talet overtok Eid kommune området frå Forsvaret, som i makebyte fekk Firda Kaserne i Mogrenda.

Eid Musikklag i tidsrette uniformer i framsyninga Elskhug og eksersis.

Eid Musikklag i tidsrette uniformer i framsyninga Elskhug og eksersis.

Musikal om militærlivet

I 2005 vart det for første gong framført ein musikal på Plassen med emne frå militærlivet på Nordfjordeid slik det arta seg i 1895. Musikalen er skriven av Tor Karseth og heiter «Elskhug og eksersis».

Stadnamnet Malakov

Den sørlege delen av den gamle eksersisplassen langs Eidselva og sandreina som dannar seg før sjølve Plassen, ber det framandklingande namnet Malakov.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2013