Hopp til innhold
X
Innhald

Ekspressbåtruta på Nordfjord

Fylkesbaatane starta i 1971 dagleg ekspressbåtrute med hurtiggåande passasjerbåtar mellom Bergen og Nordfjordeid.

Frå Nordfjordeid var det busskorrespondanse til indre Nordfjord. Den første ekspressbåten var «Fjordglytt». Dette var ein katamaranbygd båt som kunne ta 140 passasjerar og med toppfart på 28 knop. «Fjordglytt» var den første katamaranbygde passasjerbåten i verda. (I Sogn hadde Fylkesbaatane litt tidlegare same året sett inn «Fjordprins» på ei ny ekspressbåtrute Bergen – Årdalstangen. Denne båten var bygd på eit kanonbåtskrog, kunne ta 173 passasjerar og gjere 32 knop).

Ekspressbåten på Nordfjord hadde endestopp på Nordfjordeid til tidleg på 1980-talet. Då vart ruta innover fjorden kutta ut, og Måløy vart endestopp for ruta fram til 1988, då Nordfjord-ekspessen fekk endestopp i Selje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.05.2008