Hopp til innhold
X
Innhald

Grensestrid og staurdrap

På 1600-talet låg folket på gardane Roti og Bjørlo støtt i strid om utmarksrettar. Dei byttest om å skulde kvarandre for å hogge ved og grave tyrirøter i skogane.
Ein gong ein mann på Roti hadde sendt drengen med hesten til Bjørlomarka for å hente ved, reiste folk frå Bjørlo opp og tok hesteselen frå guten. Då den arme drengen kom heim og fortalde kva som hadde hendt, treiv mennene på Roti staur og anna laust og reiste for å gjere opp med karane på Bjørlo. Det kom til eit stygt basketak der blodet flaut, og det enda med at Eirik Pederson Bjørlo vart slegen i hel av Jens Andersson Roti. Jens vart dømd til døden, men ektemaken Sunneve anka og fekk omgjort dødsstraffa til ei sviande bot som Jens betalte med å setje det meste av garden sin i pant.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.05.2007