Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettslag og -anlegg i Eid

Nordfjord Skisenter på Harpefossen i Hjelmelandsdalen.

Nordfjord Skisenter på Harpefossen i Hjelmelandsdalen.

Eldste skyttarlaget

Eidsbygda Skyttarlag vart skipa i 1861, og er såleis eitt av dei eldste skyttarlag i Noreg. I 1861 vart også «Centralforeningen for udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug» skipa i Noreg. På 1880-talet vart mange skyttarlag knytte opp til den politiske venstrerørsla i «Folkevæbningssamlagenes Fællesstyre». Desse laga braut med «Centralforeningen», og «folkevæpningssamlaget» overtok etter kvart kontrollen over heile skyttarrørsla. Over halvparten av skyttarlaga i Sogn og Fjordane vart skipa før 1900. På det meste har det vore 59 lag i Nordfjord, 48 i Sunnfjord og 81 i Sogn.

Eid Idrettslag

hadde sin forløpar i Eids Turnforening som vart skipa i 1863, og er såleis eitt av dei eldste idrettslag i landet, og det eldste på landsbygda.

Haugen Idrettslag

Idrettslaget Vrangfoss vart skipa på Haugen i 1895 etter opptak frå Jens S. Haugen, som var formann fram til 1908.

Henden Idrettslag

i Hennebygda har ukjent skipingsår, men var oppløyst i 1909

Idrettslaget «Bamse»

vart skipa i 1925 for grendene sør for Eidselva. Laget endra i 1927 namn til Heia. Laget bygde ut fotballbane på Bjørlobrekka i 1945, m.a. med hjelp av kapitulerte tyske soldatar som venta på å verte sende heim. I 1956 gjekk laget inn i Eid Idrettslag.

Heia idrettslag

- sjå Idrettslaget «Bamse».

Eidsbygda Skilag

vart skipa i 1932, og rekrutterte først og fremst medlemer frå dei øvre og sørlege deler av bygda. Laget bygde Flathaugbakken på Hjelle i 1938.

Heggjabygda Idrettslag

vart skipa kring 1930.

Von Idrettslag

i Holmøyane vart skipa i 1932.

Eidsbygda Skilag

vart skipa i 1932.

Frå NM i skiskyting i Stigedalen i 2002. Foto: NRK.

Frå NM i skiskyting i Stigedalen i 2002. Foto: NRK.

Skiskyttarane frå Stårheim

Stårheim Idrettslag vart skipa 1935 og har i 2002 250 medlemmer. Laget har eiga fotballbane og har på 1990-talet bygd opp eitt av dei sterkaste skiskyttarmiljøa på Vestlandet.

Stårheim Skilag

– sjå artikkelen: Skiskyttarane frå Stårheim.

Stårheim Idrettslag

– sjå artikkelen: Skiskyttarane frå Stårheim.

Eids Gymnas Idrettslag

vart skipa i 1937 for ungdom som gjekk ved det to-årige gymnaset på Nordfjordeid. I mange år vart det arrangert såkalla «Triangelmatchar» mellom gymnasa i Volda, Eid og Firda Gymnas på Sandane.

Kjølsdalen Idettslag

vart skipa i 1940.

Henning Idrettslag

i Hennebygda vart skipa i 1941.

Nordfjord Skisenter AS

– sjå og Haugen Idrettslag.

Norsk Fjordhestsenter A/S

Norsk Fjordhestsenter A/S

vart grunnlagt i 1984 i privat regi av Anders O. Lefdal.

Nordfjord Golfklubb

på Nordfjordeid vart skipa i 1999.

Stokkenes Golfpark BA

– sjå Nordfjord Golfklubb .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.02.2011