Indremisjonen i Nordfjord
Nordfjord Fællesforening, det som seinare vart heitande Nordfjord Indremisjon, vart skipa i 1879 med lærar Henrik Stokkenes, Nordfjordeid, som første formann.
Nordfjord krins av sundagsskulen vart skipa av Indremisjonen i 1909. Det mest synberre resultatet av arbeidet til Nordfjord Indremisjon var reisinga av Nordfjord
Ungdomsskule (seinare omdøypt til Nordfjord Folkehøgskule) på Vereide i 1923.
Nordfjord Indremisjon dreiv også fleire kafear og pensjonat: Torgkafeen i Måløy, Symra kafe i Selje, Firdaheimen på Sandane, Misjonsheimen i Innvik. og leirstaden Fjordly ved Bryggja, bygd 1973. Bedehuset ”Betania” ved Eidsgata på Nordfjordeid vart bygd av Eid Indremisjon kring 1905.
Stårheims Indremisjonsforening
Ei av dei eldste lokalforeningane i Nordfjord var Stårheims Indremisjonsforening som vart skipa i 1877, og fekk 120 medlemmer frå starten. Ein reknar med at Hans Nielsen Hauge hadde stogga og forkynt på Stårheim ein gong på reisene sine på Vestlandet tidleg på 1800-talet. Hauge reiste då innom Stårheim på reisa si frå Hyen og vidare gjennom Stårheimsdalen til Steinsvik og Volda på Sunnmøre. Stårheim kristlege ungdomslag vart skipa i 1900 og bygde bedehuset «Samlingsheimen» i 1924 m.a. ved hjelp av store pengegåver frå kjøpmann Rasmus D. Halvorsen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 05.05.2007