Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Nord

Ola Nord i ein av bilane til O. Nord AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ola Nord i ein av bilane til O. Nord AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jakob Nord starta skysstasjon på Nord ved Hornindalsvatnet i 1919. Fram til han kjøpte seg lastebil tidleg på 1930-talet dreiv Jakob Nord varetransport med hestevogn mellom dampskipskaia på Nordfjordeid til kaia på Nord. Derifrå vart varer og passaasjerar frakta austover Hornindalsvatnet av D/S ”Dølen”.

Sonen Karl Nord var sjåfør på lastebilen. Jakob O. Nord tok over firmaet kring 1939, og sonen hans, Ola Nord, tidleg på 1970-talet. Saman med Naustdal Auto bygde han servicebygg i Øyane på Nordfjordeid og har sidan halde til der.

O. Nord AS har spesialisert seg på dyretransport og transport av mjølke- og kjøtprodukt. Firmaet hadde i 2007 sju bilar og 10 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2011