Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Herman Lie

Johan Herman Lie (1794-1873) frå Stjørdal, busett på Nordfjordeid. Prest og politikar.

Johan Herman Lie (1794-1873) frå Stjørdal, busett på Nordfjordeid. Prest og politikar.

Presteeksamen 1829. Ei tid var han lærar ved ein skule i Trondheim og hjelpeprest ved Vår Frues kyrkje der før han i 1832 var styrar for Molde middelsskole. Sokneprest i Eid 1835-1850, og frå 1850 til han døydde sokneprest i Moss.

Første ordføraren i Eid i 1838. Far til matematikk-geniet Sophus Lie.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.01.2011