Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjebyggjarane frå Eid

Selje kyrkje er mellom kyrkjene Gjert Rasmusson Lien har bygd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje kyrkje er mellom kyrkjene Gjert Jacobsen Lien har bygd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svært mange kyrkjer i Fjordane og på Sunnmøre er bygde av byggmeistrar frå Eid kommune frå 1849 (Eid kyrkje) til 1960 (Nord-Vågsøy kyrkje).
Kjende kyrkjebyggjarar frå Eid var Ole Olsen Løken (også nemnd Ola Olson Lid), Gjert Jacobsen Lien, Jakob Rasmusson Lien, Jørgen Myroldhaug, Rasmus Nøstdal, Anders Karlsen og Ivar Nord. I Sogn og Fjordane har Ole Olsen Løken bygd kyrkja på Nordfjordeid, Norum kyrkje ved Slinde i Sogndal kommune og Bakka kyrkje ved Nærøyfjorden - den siste saman med Rasmus Nøstdal.

Gjert Jacobsen Lien

har bygd kyrkja i Davik saman med Jakob Lien, Stårheim kyrkje, Hornindal kyrkje, Nedstryn kyrkje, Kalvåg kyrkje saman med Rasmus Nøstdal, Selje kyrkje, Oppstryn kyrkje og kyrkjene Holsen og Haukedalen - begge dei siste i Førde kommune. Nordanfor fylkesgrensa bygde han kyrkjene i Fiksdal, Ørskog og Sunnylven.

Elles har Jørgen Myroldhaug bygd kyrkja i Bremanger, Rasmus Nøstdal kyrkja i Kalvåg saman med Gjert Jacobsen Lien, Jon Sefland Breim kyrkje, Anders Karlsen nyekyrkja på Gimmestad i Gloppen, og Ivar Nord Raudeberg kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.09.2020