Hopp til innhold
X
Innhald

Laksevern i Eid

Neset til venstre i biletet markerer innløpet til Eidsfjorden. Innanfor det er det nasjonal laksefjord. Til høgre Skårhaug, der det tidlegare var dampskipskai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Neset til venstre i biletet markerer innløpet til Eidsfjorden. Innanfor det er det nasjonal laksefjord. Til høgre Skårhaug, der det tidlegare var dampskipskai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Nordfjord er Eidselva, Stryneelva og Oldenelva peika ut som såkalla nasjonale laksevassdrag.

Nordfjorden aust for ei grense ved Hamnes ved utløpet av Eidsfjorden er nasjonal laksefjord. Saman med dei nemnde elvane er fjorden verna mot menneskeinngrep som kan truge den naturlege villaksstammen. For elvane gjeld det kraftutbygging, og for fjorden er det sett forbod mot nye oppdrettsanlegg innanfor grensa. I Nordfjord er likevel Gloppenfjorden og Hyenfjorden med tilhøyrande elvar unnateke vernet, m.a. fordi det finst oppdrettsanlegg i Hyenfjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.02.2011