Hopp til innhold
X
Innhald

Myrmennene i Eid

«Stemmerettshaugen» på Nordfjordeid har det merkelege namnet sitt frå kravet på 1800-talet om at berre menn som eigde eller bygsla matrikulert jord fekk røysterett.

For å oppnå røysterett, var det mange byfolk som skaffa seg ein liten jordlapp ute på landsbygda, slik at dei oppfylte kravet.

Desse «røysterettsspekulantane» vart kalla «myrmenn». Dei dukka også opp på Nordfjordeid, der ein haug under garden Myklebust vart parsellert ut i 14 bittesmå «myrmannsteigar».

Også på Stadlandet, (sjå Myrmannsvesenet i Selje) og i stranda mellom Måløy og Raudeberg (sjå Myrmannsvesenet i Vågsøy) kjøpte myrmenn seg verdlause fjellmyrar og jordeigedomar.

Dei snedige myrmennene var særleg aktive kring stortingsvalet 1876, og Stortinget auka difor i 1884 verdien på det som kunne kallast «jordeigedom» til 20 kroner for å få bukt med «myrmennene».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.11.2008