Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Os

Olav Os (1882-1953) frå Nordfjordeid. Bondepartipolitikar og organisasjonsmann.

Vararepresentant for Bondepartiet på Stortinget 1928-1949. Møtte fast på Stortinget 1928-1930 etter at Anfin Anfinson Øen frå Vik døydde. Os var ordførar i Eid 1935–1942 og i 1947. Han var rådsmedlem i Vestlandske Salslag frå skipinga i 1920 til 1953, og var styremedlem i Vestlandske Kjøpelag, grunnleggjar av Fjordane Reveavlslag og formann i fleire år i Noregs Sølvrevsavlslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008