Hopp til innhold
X
Innhald

P. O. Oos A/S

P.O.Oos i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P.O.Oos i Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P. O. Oos A/S, Nordfjordeid, vart grunnlagt 1904 av Paul Olson Oos.

Butikken vart første tida driven som assortert landhandel, og sidan jernvare- og byggjevareforretning.

Forretnings- bygget ved Eidsgata vart reist i 1927, med seinare utvidingar, m.a. med eit stort lagerbygg ned mot fjorden, bygd kring 1950, då firmaet vart omgjort til aksjeselskap.

Jernvareforretninga har vore driven i same familien sidan starten, med sonen til Paul O. Oos, Peder P. Oos, og deretter sonen hans, Peder Oos d.y. som daglege leiarar.

Forretninga vart lagd ned i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.01.2011