Hopp til innhold
X
Innhald

R. S. Grinde

Brusfabrikken heldt til i dette murhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brusfabrikken heldt til i dette murhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

R. S. Grinde starta brusfabrikk på Nordfjordeid kring 1900.

Han heldt dei første åra til i eit bygg som stod i Eidsgata, der Frislid sitt industri- og forretningsbygg seinare vart reist. Her fekk Grinde leige lokale i eit hus der svigerforeldra Knut A. Hildenes og ektemaken Kari dreiv landhandel.

Då R.S. Grinde vart enkjemann, gifta han seg oppatt med enkja Alida Osnes, som dreiv skysstasjon på nordre Osnes (Hola) og flytta dit med fabrikken i 1907. Her bygde han eit murhus med fabrikk i kjellaren og bustad i etasjane over. Brusfabrikken vart driven vidare ei tid av sønene Ivar og Bernhard Grinde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.01.2011