Storgardane på Nordfjordeid

Denne teikninga av Nordfjordeid er datert 1871. Området til venstre for kyrkja er storgarden Myklebust.
Strandstaden Nordfjordeid var i gamal tid dominert av storgardane Myklebust og Gjerde og folket som budde der – særleg av folket på Gjerde. Her ligg framleis det store herskapshuset, løe og husanlegg midt i sentrum av Nordfjordeid slik det gjorde for kring 200 år sidan. Det freda hovudhuset er bygd i 1790 . På Gjerde budde det folk frå rike slekter som har prega mykje av handel og utvikling i Nordfjord heilt fram til 1900-talet.
Myklebust - den eldste storgarden
I dei eldste tider var Myklebust ein av dei største gardane i fylket. Nokre av dei rikaste fornfunn som er gjort på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden på 1840-talet.
Storgarden Gjerde
Storgarden Gjerde omfatta langt fram på 1900-talet dei mest sentrale områda frå Eidsfjorden og austover dalen mot Langeland. Ingen storgard i Nordfjord har gjennom eigarskap og andre tilhøve vorte så sterkt knytt til kjende handels- og embetsslekter elles i fylket som nettopp Gjerde.
Garden Osnes var eksersisplass
Garden Osnes, som ligg på Nordsida av Eidselva frå elvemunningen og austover, vart kjøpt som sjefsgard i 1792.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 14.02.2011