Hopp til innhold
Sveinung Rotevatn (2016). Foto: Sveinung Bråthen, Venstre på Flickr.com CC BY-SA 2.0.
Sveinung Rotevatn (2016). Foto: Sveinung Bråthen, Venstre på Flickr.com CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn, politikar. Rotevatn var stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre 2013–17 og er tidlegare leiar i Unge Venstre. Han er eit stort politisk talent og som leiar i Unge Venstre markerte han ungdomspartiet ved å vere ei ideologisk vaktbikkje.

Sveinung Rotevatn er fødd 15. mai 1987 i Bergen, men vaks opp i Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Han gjekk vidaregåande skule på Nordfjordeid i 2003–06 og studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Rotevatn var økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2007, sentralstyremedlem frå 2008 og 1. nestleiar i 2009, før han blei leiar i Unge Venstre i 2010. Han kom inn på Stortinget i 2013 og sa frå seg attval i Unge Venstre same året. Han var valkampsekretær for Sogn og Fjordane Venstre i 2009 og styremedlem i fylkeslaget i 2009–11, og han var kommunestyrerepresentant for Venstre i Eid kommune for perioden 2011–15. Rotevatn var vald inn på Stortinget for Sogn og Fjordane Venstre for perioden 2013–2017. Han er frå 17. januar 2018 statssekretær i justis-, politi- og innvandringsdepartementet.

Kjernesakene hans er miljøpolitikk, personvern og utdanning. Rotevatn vil ha røysterett for 16-åringar, vil legalisere narkotika, innføre republikk, endre sjukelønnsordninga, heve pensjonsalderen, og han er for fri innvandring og aktiv dødshjelp.

Rotevatn er nynorskbrukar og var styremedlem i Noregs Mållag 2012–14. Europeisk Ungdom kåra han til årets europear i 2012.

Kjelder

Om Sveinung Rotevatn i Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane, nrk.nohttp://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Sveinung_Rotevatn [lesedato 16.6.2013]

«Om Sveinung Rotevatn», stemvenstre.nohttp://www.stemvenstre.no/kandidater/sveinung-rotevatn/ [lesedato 16.6.2013]

Peikarar

Bloggen til Sveinung Rotevatn

«Mannen bak antiforbudet», nettavisen.no

«Blå hippie», morgenbladet.no

«Sveinung Rotevatn er Årets Europeer», europeiskungdom.no

«Dette mener ungdomspartiene», ung.no


Først publisert: 13.09.2013
Sist oppdatert: 17.01.2018