Hopp til innhold
X
Innhald

Bernhard Folkestad

Bernhard Folkestad

Bernhard Folkestad

Bernhard Folkestad (1879–1933) fødd i London, oppvaksen på Folkestad. Kunstmålar og forfattar, utdanna i København. Etter ei tid i Oslo, flytta han tilbake til Folkestad, der han prøvde seg som gardbrukar. Han flytta seinare tilbake til Oslo, og heldt si første separatutstilling i 1907. Seinare arbeide han også i Paris og Berlin, og var representert på fleire utstillingar i Europa og USA.

Eitt av dei mest kjende bileta til Folkestad er «Mørkeloftet» frå 1905, som heng i Nasjonalgalleriet. Han måla også seinare variantar av motivet. I 1917 måla han altartavla i Rjukan kyrkje, og i 1929 den såkalla «Drammenskomposisjonen» i handelforeningslokala i Drammen. Folkestad gav ut fleire bøker, dei mest kjende er «Blå hjul» (1923), «Svingdøren» (1926), «Sol og morild» (1929) og «Gullfisken» som kom ut etter at han var død.

Son til Abraham Folkestad.

Eitt av måleria til Folkestad: Kvinne i bått interiør (utsnitt). © Blomqvist Kunsthandel.

Eitt av måleria til Folkestad: Kvinne i bått interiør (utsnitt). © Blomqvist Kunsthandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.10.2010