Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Solheim

Bjørn Solheim fødd 1941 i Dale, busett i Førde. Forretningsmann og investor. Har frå 1990-talet anten åleine eller i samarbeid med andre bygd ut og kjøpt ei mengd eigedomar i Førde sentrum. Dette gjeld m.a. Postgarden, tidlegare Huus Bokhandel og «Grillen-bygget».

Han eig sjølv store forretningsbygg på Halbrendsøyra, og har saman med andre stått for utbygging av bustadkomplekset Førde Brygge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.10.2010