Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Boge møbelverkstad

Brørne Sverre og Anders Boge frå Guddal starta i 1947 ein liten møbelfabrikk i Innvik. Dei flytta tilbake til heimbygda i 1952, fekk med seg broren Georg og starta møbelproduksjon i Guddal.

Produkta var stoppa divanar og stolar. Anders Boge tok noko seinare over ein butikk i Guddal, bygde ny butikk i 1960, men la ikkje så lenge etter ned og flytta til Oslo der han starta eiga forretning.

Broren Georg flytta til Bergen i 1955, medan Sverre Boge heldt det gåande med møbelproduksjon til kring 1958. Då kjøpte han seg lastebil og dreiv leigekøyring fram til han vart tilsett som sjåfør i Firda Billag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.06.2008