Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdeting på Dingemoen

Dingemoen i 1865. Her skjedde den siste avrettinga i 1816.

Dingemoen i 1865. Her skjedde den siste avrettinga i 1816.

Den gamle tingstaden og handelsstaden Tross låg ved fjorden i Dale, midt i det som no er sentrum i bygda. Den eldste tingstaden i bygda var truleg Dingemoen.

På Dingemoen vart det på 1800-talet funne fleire gravhaugar, og ein såkalla «holmgangsring» der folk gjorde opp usemja med å gå holmgang - dvs. kjempa mot kvarandre med våpen til den eine fall.

Sjå også: Eksersisplassen på Dingemoen

På Dingemoen vart det også funne ei steinsetjing som var forma som hammaren til guden Tor. Under 1. verdskrig vart Dingemoen nytta til potetdyrking, og då vart det gamle funnområdet rasert. Frå 900-talet veit ein at Tross, som ligg nærare sjøen, vart nytta som tingstad. Framleis finn ein stadnemningane Tinghogane og Manneberget der.

Siste avrettinga på Dingemoen

Dingemoen var i eldre tider avrettingsstad, og den siste avrettinga i Sunnfjord var truleg den som skjedde på Dingemoen i 1816.

Då vart Johannes Aurevaagen halshoggen fordi han hadde drepe svogeren sin. Svigermora, som var prestedotter i Ytre Holmedal og dottera hennar var også innblanda i drapet, og vart dømde til straffarbeid på Manufacturhuset i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2010