Hopp til innhold
X
Innhald

Dale gard

Nedre Dale gard på 1860-talet. Den dåverande eigaren, Bertel Vonen, står med rive midt på biletet. Eigar av foto: Fylkesarkivet.

Nedre Dale gard på 1860-talet. Den dåverande eigaren, Bertel Vonen, står med rive midt på biletet. Eigar av foto: Fylkesarkivet.

Dale gard var hovudbruket i bygda, og den eldste delen av hovudhuset er frå 1500-talet. Den franskætta oberstløytnanten Johan Adam de Rochlenge kjøpte garden i 1679.

Garden hadde tidlegare høyrt til adelsfamilia Rosenkrantz i Bergen, og av same slekta kjøpte de Rochelenge også fleire store gardar i Dale. De Rochlenge var ein av mange utanlandske offiserar som vart hyrte inn som kommandantar etter at danskekongen Christian IV skipa Den norske hær i 1641. Han skal ha kome frå ei av mange adelsfamiliar som høyrde til trussamfunnet hugenottane i Frankrike, og som i stort tal rømde landet m.a. etter forfylgjing frå kong Ludvig XIV (den fjortande).

De Rochlenge vart kommandant på slutten av 1600-talet, og slekta eigde Dale gard fram til 1717. Framleis finn vi etterkomarar etter den franske offiseren som kom til Dale på 1600-talet både i Fjaler og i Holmedal, no med familienamna Rochlenge og Rochling.

Dale gard vart seinare eigd av eit medlem av Nitter-slekta, som også har sitt opphav frå utanlandske offiserar - antan frå Skottland eller Flandern i Belgia (sjå også: Storgarden Tysse).

Sidan 1830-talet har Dale gard vore eigd av Vonen-slelta.

Dale i 1865. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Dale i 1865. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.04.2013