Hopp til innhold
X
Innhald

Den fallerte storreiaren i Gjølanger

Erik Lea, eitt av skipa til Erik Grant Lea, ved kai i Bergen.

Erik Lea, eitt av skipa til Erik Grant Lea, ved kai i Bergen.

Gjølanger Bruk AS vart starta i 1925 av tidlegare skipsreiar og spekulant Erik Grant Lea frå Bergen. I jobbetida som fylgde med den første verdskrigen, bygde han Lea opp eitt av dei største reiarlaga i Europa. I krisa etter krigen gjekk han dundrande konkurs, rømde frå Bergen og busette seg i einbølte Gjølanger.

Leahall.

Leahall.

Hilde Constance Lea.

Hilde Constance Lea.

Eigedomen i Gjølanger hadde Erik Grant Lea fått hand om i 1919. Berre 24 år gamal skipa Grant Lea sitt eige reiarlag. På høgda av si makt og rikdom var han ein av dei største reiarane i Noreg og kontrollerte 10 ulike reiarlag og hadde eigen bank og assuranseselskap. På Kronstad i Bergen bygde Erik Grant Lea ein stor villa som han kalla Leahall. Huset låg i ein park på 40 dekar Han gifta seg i 1916 med den adelege engelsk-indiske Hilda Constance Connor (1899-1961) frå Bangalore.

Kontrasten frå Leahall til sperrestova i Gjølanger er stor.

Kontrasten frå Leahall til sperrestova i Gjølanger er stor.

Konkurs og flytting

Grant Lea gjekk dundrande konkurs i 1925 og flytta til ein av dei få eigedomane han hadde att: Garden i Gjølanger. Her bygde Grant Lea med tida opp Gjølanger Bruk med landhandel, mølle, og Gjølanger Bruk A/S med sag og trelastforretning. Lea var levande interessert i skogplanting og planta til saman over 120.000 grantre på eigedomen sin i Gjølanger Han dreiv i tillegg med revefarm og var både post- og telefonstyrar på Gjølanger.

Erik Grant Lea var ein føretaksam kar. I Gjølanger var det både høns og reveoppdrett. Foto: Edvin Kvia. © Fylkesarkivet.

Erik Grant Lea var ein føretaksam kar. I Gjølanger var det både høns og reveoppdrett. Foto: Edvin Kvia. © Fylkesarkivet.

Eige katolsk kapell

Ektemaken Hilda Constance var katolikk, og Erik Grant Lea konverterte sjølv til katolisismen i 1923. På eigedomen sin i Gjølanger bygde han eit ørlite kapell slik at dei to kunne dyrke den katolske trua si. Det meste av anlegget på Gjølanger vart totalskadd av brann i 1951, men alt unnateke mølla vart bygd opp att.

Kaia og butikken i Gjølanger.

Kaia og butikken i Gjølanger.

Oppdrettselskap tok over

Eigedomane i Gjølanger vart i 1971 kjøpte av Conrad Martin Øvrebø frå Naustdal, som dreiv sagbruket og trelasthandelen vidare. Sonen Erik Øvrebø (sjå denne) starta i 1974 oppdretts-og settefiskselskapet Gjølanger Fisk AS. Mellom 1981 og 1990 var Per Storegjerde (sjå denne - Naustdal kommune) frå Naustdal med som kompanjong. Oppdrettsselskapet til Øvrebø utvikla seg etter kvart til ei svært lønsam verksemd: I år 2000 var omsetninga oppe i 64 millionar kroner. Verksemda i Gjølanger sysselset på årsbasis kring 12 årsverk. I 2001 vart oppdrettsdelen seld til Aqua Farms (sjå denne - Gulen kommune) i Gulen, medan Øvrebø-familien heldt fram med settefiskproduksjonen under firmanamnet Gjølanger Bruk AS. I 2001 overlet Erik Øvrebø selskapet til borna Siren, Solfrid og Sindre, og sit att med fire prosent eigardel sjølv. Gjølanger Bruk er holdingselskap for investeringsselskapet Gjølanger Utvikling AS, og Siren Øvrebø driv dessutan sitt eige selskap Gjølanger Management AS.

Settefiskanlegget Gjølanger Bruk AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Settefiskanlegget Gjølanger Bruk AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.10.2010