Hopp til innhold
X
Innhald

Det søkkrike ekteparet Finde og Daae

Mellom 1755 og 1769 finn vi Hendrich Finde som eigar og busitjar i Hellevik. Han slekta frå den steinrike prosten Peder Jørgenson Finde i Førde. Ved giftarmål med Anne Dorthea Daae, som ætta frå den rike prost Anders Daae i Vik, fekk Finde hand om enorme eigedomar og rikdomar i Sunnfjord og Sogn.

Då ekteparet døydde i 1771, viste buet at dei eigde 75 gardar i Sunnfjord og 19 gardar i Sogn. På hovudgarden i Hellevik fødde dei m.a. 18 mjølkekyr, 18 ungfe og 8 hestar. Der hadde dei også ei jakt, ein vengebåt for finare persontransport, og hadde elles 6 andre føringsbåtar og færingar.

Det rike ekteparet eigde også Holmedalskyrkja, der dei sat opphøgde over resten av kyrkjelyden i eit eige «bur» oppe på veggen når dei gjekk til kyrkje. Ved Holmedalskyrkja fekk dei også alle tiendeinntektene som høyrde med.

Dei hadde i tillegg kontroll over store delar av tiende-inntektene frå Hopperstad stavkyrkje i Vik og frå kyrkjene i Dale og Fortun i Luster. Hellevik var eigd av Peder Finde, sonen til Hendrich og Anne Dorthea, fram til 1802, då ein mann frå Ålhus i Jølster tok over bruket.

Under Hellevik-garden låg også garden Surdal, der ein midt på 1700-talet oppdaga jern- eller koparmalm og starta gruvedrift. Sjå: Gruvene ved Sørdalsvatnet.

Les også om Munthe-slekta frå Luster.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018