Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Løseth

Erling Løseth (1927-2013) frå Dale, busett i Sunde i Sunnhordland. Skulesjef og politikar. Lærarskuleeksamen i 1949, deretter lærar i Hyllestad, Fjaler, Sauda og Bergen før han vart rektor ved Sunde skule i Kvinnherad i 1957. I 1982 vart han skulesjef i Kvinnherad.

Medlem i Kvinnherad kommunestyre frå 1963, i Hordaland fylkesting 1971-1979, vararepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland 1969-1981. Frå 1977 til 1981 møtte han fast som representant for Hallvard Bakke og Arne Nilsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.05.2013