Hopp til innhold
X
Innhald

Fjaler i leksikonet

Det starta som kloggfabrikk, seinare Jarl Skofabrikk og enda som Dale Sko. Les om dei store industrieventyra i Fjaler. (Foto: NRK) Frå Fjaler kjem Åsnes-skia, Jarl-skoa og diktaren Jakob Sande. United World College i Flekke og Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen er nye og viktige kulturbærarar, og rehabiliteringsseteret på Haugland er ein sentral institusjon i helserøkta på Vestlandet. I ytre strok ligg store oppdrettsanlegg.
Kommunen er den 22. som er lagt til i Fylkesleksikonet. På sidene for Fjaler kan du også lære meir om aristokratiet:

Fjaler kommune

Inventar i Lillingston-heimen på Tysse. Aristokratiet sto lenge sterkt i Fjaler. (Foto: Asle Veien, NRK) På Tysse rådde i eldre tider gåverike og mektige medlemer av Landmark-slekta. I Hellevik budde nokre av dei rikaste i fylket. Ved Sørdalsvatnet var det gruvedrift, og i Gjølanger slo ein fallert Bergens-reiar seg på skogplanting. Les også om den mystiske steinkrossen i Korssund, og om Fure-folket som vart jaga frå grenda under krigen. Klikk på peikaren for Fjaler i høgrekolonna, eller klikk her:

Fjaler kommune

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.05.2007