Hopp til innhold
X
Innhald

Første lastebilen i Fjaler

Det var ikkje mykje armslag når dei sat tre i førarhuset på Chevroleten til Loneland.

Det var ikkje mykje armslag når dei sat tre i førarhuset på Chevroleten til Loneland.

Brørne Anders og Andreas Loneland kjøpte den første lastebilen i Fjaler i 1928, ein Chevrolet, som dei nytta til varetransport på vegane mellom Dale, Flekke og Guddalen.

Ein tredje bror, Tor Loneland, var seinare med og skipa Loneland og Tuland Rutebillag (sjå Lokale rutebillag).

Dei to brørne Anders og Andreas Lonestad starta også sandtak på Loneland like før 2. verdskrig og hadde m.a. store leveransar av sand til entreprenørselskapet Betonmast som i 1940- og 1950-åra bygde mange høgspentliner og kraftanlegg i distriktet. I 1968 registrerte sonen til Andreas, Ole Kjell Loneland, firmaet som Loneland Sand og Grustak.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.10.2010