Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet på Fureneset

Inngangen til kystfortet på Fureneset. Foto: Kystartilleriet, frå boka Fronten er kysten!

Inngangen til kystfortet på Fureneset. Foto: Kystartilleriet, frå boka Fronten er kysten!

Fortet på Fureneset vart bygt i 1942, og skulle kontrollere Vilnesfjorden og innløpet til hamna i Askvoll og sperre innløpet til Dalsfjorden. Frå kanonstillingane hadde ein godt utsyn mot skipsleia, der tyskarane kunne forsvare eigne skip og konvoiar.

I Sølvberghaugen vart det skote ut ei svær festning som kunne huse 90 mann: Her var det overnattingsrom, kjøkken og feltlasarett, verkstad og alt som høyrde til. Frå den underjordiske kaserna gjekk det trapper opp til kanonstillingane. Her stod m.a. fire luftvernkanonar med ei rekkevidde på over 14.000 meter, i tillegg til fleire panservernkanonar og mindre kanonar. Rundt heile fortet vart både sjø og land minelagt, og store lyskastarar kunne sveipe langt utover sjøen i mørkret.

Kart over fortet på Fureneset, frå boka Fronten er kysten!

Kart over fortet på Fureneset, frå boka Fronten er kysten!

Panserdører

Anlegget kunne stengjast med store dører i panserstål, og fortet hadde eige straumaggregat dersom den vanlege straumforsyninga vart kutta. Mykje av anlegget vart bygt av russiske krigsfangar som budde i ein leir like ved fortet. Etter krigen vart tre krigsfangar funne i ei grav ved fortet. Både på Fure og på Lammetun er fjellanlegga nokolunde intakte den dag i dag.

Ulukke under minerydding

Minesperringa kring Furefortet var den største i heile fylket. Etter krigen vart det plukka opp til saman over 8.500 kring fortet, og i mange år etter vart det funne restar etter miner kring anlegget. Den 6. juli 1945 vart ein tysk soldat drepen og ein annan soldat hardt såra medan dei rydda miner på Fure. Den 8. juli miste seks tyske soldatar livet då til saman 240 tanksminer gjekk i lufta samstundes. Fleire av dei næraste husa på Fure vart stygt ramponerte.

Fureneset sett frå Einingsfjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fureneset sett frå Einingsfjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2010