Hopp til innhold
X
Innhald

Fure Mekaniske Verksted

Fure Mekaniske Verksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fure Mekaniske Verksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fure Mekaniske Verksted vart starta i 1968 av Wilhelm Ask, som sidan 1962 hadde drive landhandelen på kaia i Snekkevågen (sjå: Nikolai Straaken - landhandel).

I tillegg til bilverkstad og besinstasjon, fekk han etterkvart gode ordrar på delproduksjon til skipsverfta i Florø og Leirvik og Klausen Mekaniske i Holmedal, og var midt på 1970-talet oppe i 17 tilsette.

I 2002 hadde verksemda fire tilsette, gjekk over til nye eigarar, vart aksjeselskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2010