Hopp til innhold
X
Innhald

Futen Busch budde i Flekke

Frå 1625 til ca. 1645 var den rike futen Nils Busch busett på garden Solheim på vestsida av elveutløpet i Flekke. Både han og etterkomarane på Solheim hadde borgarbrev i Bergen.

Busch dreiv sagbruk i Harefossen på Øvre Hovland, og eigde elles ei mengd gardar på Vestlandet. Til Solheimsgarden høyrde det også godt laksefiske i Flekkeelva.

Mest kjend for ettertida er likevel Nils Busch fordi han i 1626 sette opp ei matrikkelliste - dvs. oversyn over jordeigedomane i Sunnfjord.

Riksmannsslekta Busch

Folk frå Busch-slekta åtte garden Solheim eit stykke innpå 1700-talet. Garden på Solheim vart etter Busch-folket eigd ei tid av den rike soknepresten Peder Hansen Cloumann i Holmedal, og av Svanøy-futen Hans Thiis Nagel frå 1745.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.11.2008