Hopp til innhold
X
Innhald

Grannedrapet på Fure

Fure er ei fredeleg bygd, men i 1986 skjedde eit dobbeltdrap her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fure er ei fredeleg bygd, men i 1986 skjedde eit dobbeltdrap her. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Grannedrapet på Fure i 1986 var ei av dei mest oppsiktvekkjande drapssakene i Noreg på slutten av 1900-talet.

Etter årelang krangel og usemje, vart eit eldre ektepar på Fure drepne av naboen. Mannen rodde dei to lika ut på Vilnesfjorden og søkkte dei på djupt vatn. Ei veke seinare vart mannen arrestert, og etter kring tre vekers avhøyr tilsto han.

Han påviste kvar lika var søkkte i Vilnesfjorden, og ved hjelp av miniubåt vart dei to drepne funne på ca. 400 meters djup. Miniubåtar var på den tida relativt ny teknologi, og det vekte stor oppsikt at det let seg gjere å finne dei drepne på så stort djup med denne farkosten.

Gjerningsmannen vart av helsegrunnar vurdert uskikka til å sone fengselsstraff.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018