Hopp til innhold
X
Innhald

Gruvene ved Sørdalsvatnet

Mellom Gjølanger og Hellevik går riksveg 607 på eit smalt res mellom fjorden og Sørdalsvatnet. Her kan ein sjå at vatnet er oppdemt omlag ein meter med ein primitivt mura steinmur.

Oppdemminga har samanheng med at Sørdalsvatnet i gamle dagar var transportveg for malm frå gruvedrift i dalen innanfor vatnet, og det var for å gjere vassvegen betre at oppdemminga vart gjort.

På dette biletet ser vi litt av demninga som vart bygd på 1700-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dette biletet ser vi litt av demninga som vart bygd på 1700-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nede ved sjøen finn ein framleis slaggrestar etter brend malm. Her låg smeltehytta på 1700-talet, og staden heiter den dag i dag «Verket».

Grimmeliens Kobberværk først ute

På 1600- og 1700-talet vart den norske fjellheimen saumfaren av folk på leiting etter metallårer. Det var gull og sølv som lokka mest, men heller ikkje kopar og jern var å forakte.

I Sogn og Fjordane fann ein drivverdig kopar i Årdalsfjella og starta Årdal Koparverk. Funne ved Grimelid ved Stongfjorden førte til Grimmelid Kobberværk og på Svanøy vart Svanøy Gruver starta. På alle stadane vart det starta gruvedrift - til dels i stort omfang. I Saurdalen ved Sørdalsvatnet fann ein også koparkis, og her var også titanhaldig jernmalm.

Grimmelid Kobberværk som dreiv kopargruver ved innløpet til Førdefjorden, sikra seg retten til å drive ut malmen ved Hellevik. Dei som fekk privilegiet til gruvedrift både i Saurdalen og i Grimelid i var Wilhelm Teting og B. Reinhardsen. Dei rota ein del omkring frå 1759 og utover til 1780, bygde ei lita smeltehytte og demde opp Sørdalsvatnet, men noko gruvedrift i retteleg forstand vart det ikkje før i 1864.

Grimmeliens Kobberværk var truleg meir interessert i skogen kring Hellevik og Gjølanger enn i malmen der. På denne tida nytta ein nemleg eld og kaldt vatn i staden for krut for å sprengje berget. Store vidder vart snauhogne for å drive smelteverket i Grimelid. I bygdeboka vert det fortalt at avvirkinga kring Gjølanger og Hellevik vart så hard at det måtte setjast forbod mot meir hogst.

Herifrå vart malmen skipa ut med båt til England. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Herifrå vart malmen skipa ut med båt til England. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Titangruvene i Saurdalen

Større gruvedrift på titanmalmen i Saurdalen kom ikkje i gang før i 1864 - denne gongen av eit selskap som kalla seg «The Norwegian Titanic Iron Company Limited», med hovudkontor i Leeds i England. Den største titangruva dreiv dette selskapet i Blåfjell i Sokndal, Vest-Agder.

Gruveselskapet i Hellevik fekk namnet «Norske Titanjern Compagni - Sørdal Jernværk». Selskapet fekk skøyte på eigedomen i 1864. Både leiing og arbeidarar var for det meste innflyttarar. Nokre av dei skreiv seg for «Værket» eller «Jærnværket» til etternamn.

I tønner til England

I 1864 produserte selskapet 2600 tønner malm. I denne perioden var det inga smeltehytte i Hellevik, for malmen vart ført direkte ombord i skip og frakta til smelting i England. Det same gjorde dei med malmen frå Sokndal, og årsaka var at det på den tida berre var i England at ein hadde omnar som helt høg nok temperatur til å smelte ut titan frå malmen.

Inne i Saurdalen dreiv selskapet i to malmbrot som vart kalla «Ytste gruva» og «Inste gruva» - namn som heng ved landskapet den dag i dag. Ned til vatnet vart det bygt steinsette vegar og ein «vaggegang» med skinner ned til vatnet. Herfrå vart malmen frakta over Sørdalsvatnet i store prammar. Ved fjorden vart det bygt utskipingskai som ein framleis ser restar av.

Men drifta lønte seg dårleg, og i 1874 måtte titanjern-selskapet gje seg. I 1886 vart gruveområdet skøytt tilbake til den opphavelege eigaren.

Titanåre i ytre Sunnfjord og Sogn

Den same åra med titanhaldig malm som skapte gruvedrift i Saurdalen, finn ein også att ved Folkestad og ved Skifjorden i Hyllestad. Utanom Saurdalen, har det ikkje vore gjort forsøk på kommersiell drift på malmåra andre stader. På Tippheia ved Søre-Folkestad er det tydelege merke etter prøvetaking av malm. Det er uklårt kven som har skjerprettane der, men dokument frå tidleg på 1900-talet kan tyde på at det antan var franskmenn som hadde interesser der. Førekomsten der er svært liten.

Framleis finn ein slagg etter metallutvinninga ved Sørdalsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Framleis finn ein slagg etter metallutvinninga ved Sørdalsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Siste gruveperioden

I 1907 gjorde ein eit nytt forsøk på gruvedrift ved Sørdalsvatnet av eit engelsk selskap. No kom nokre trønderar til bygda, sette båtane i stand og bygde brakker. Seinare vart det arbeid for kring 20 mann. Men etter tre år gav ein opp, og sidan har det ikke vore gjort forsøk på å utnytte titanførekomstane ved Sørdalsvatnet.

Elevarbeid om gruva

I samband med Kulturminneåret i 1997 gjorde elevar ved Hellevik skule eit stort arbeid for å kartleggje gruvehistoria i Saurdalen. Resultatet av arbeidet vart gjeve ut på CD-rom, og elevane vart kalla til Oslo der dei vart heidra for den flotte innsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2010