Hopp til innhold
X
Innhald

Handel på Straumsnes

Dette var siste butikken på Straumsnes, det var slutt i 2000. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette var siste butikken på Straumsnes, det var slutt i 2000. Foto: Ottar Starheim, NRK.

H. Aagesen var truleg den første som starta landhandel på Straumsnes ein gong på 1850-talet. I 1861 er han registrert som poststyrar og dampskipsekspeditør. Lars Larsen, fødd 1839 på Husnes i Kvinnherad, hadde kome til Straumsnes i 1860.

Han tok i 1861 over landhandelen og dei andre tenestene etter Aagesen. Larsen dreiv også bakeri og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Det var truleg Larsen som bygde ei etter måten stor handelsbu like i sjøkanten. Larsen var ordførar i Fjaler i 11 år før han i 1892 flytta til Bergen og vart lagersjef i Fylkesbaatane.

Den gamle handelsbua på Straumsnes.

Den gamle handelsbua på Straumsnes.

I åra mellom 1892 og ca. 1909 var det I.A. Sønnervik som var handelsmann og poststyrar, og frå ca. 1909 var Haakon H. Hægland handelsmann og poststyrar på Straumsnes.

Butikkdrifta skilt ut

Seinare kom det folk med etternamna Langenes og Solvik som handlande på Straumsnes, og frå kring 1940 var det Magnus Åsnes som dreiv handelen som eit aksjeselskap, medan familien etter Ola Nedrebø frå Jølster, som hadde kjøpt eigedomen i 1912, stelte med post og dampskipsekspedisjon. Magnus Åsnes dreiv også som lakseoppkjøpar og kjøpte smør og egg frå bøndene for vidaresal.

Slutt på butikkdrifta i 2000

I 1956 vart butikken flytta over til Ola sin soneson, Olav Nedrebø, sitt nybygg like ved den gamle sjøbua. Her fekk også postkontoret plass. I 1967 overtok Olav og Irene Øvrebø butikkdrifta. Butikken vart utvida i 1980, og frå 1992 var det sonen Jarle Nedrebø som dreiv. Han selde Straumsnes landhandel til Berit Bakkebø i 1997, og ho la ned drifta på den einaste butikken på Straumsnes i 2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.10.2010